mai 042017
 

Systrene Hanne Alice og Andrea Drivenes arbeider saman om kledebutikk på nettet.

Då dei var små, slost systrene Drivenes så fillene fauk. No samarbeider dei om sal av tekstilar på verdsveven, gjennom Handlegaten og eigen nettstad.

 

Kanskje hadde dei ikkje sett for seg at dei skulle verta bestevenninner når dei vaks til, men slik vart det for storesyster Hanne Alice Drivenes (32) og veslesyster Andrea (28). Tre år skil dei, nok til at oppveksten kanskje vart litt intens.

– Me slost mykje, faktisk. Folk vart nok litt sjokkertre. Etterkvart har me vore gjennom såpass mykje i lag at me har blitt veldig gode venninner, seier duoen. Mellom anna miste dei mora Cecilie då dei berre var småjenter, og far Geir Atle døydde òg medan han enno var som ung å rekna.

– I fjor sommar vart Andrea alvorleg sjuk. Me frykta at det var lungekreft – lukkelegvis viste det seg at det berre var tuberkolse. Då ho vart frisk att, bestemte me oss for å gjera alvor av ynskjer om å arbeida i lag, seier Hanne Alice.

– Livet veit me er for kort til å venta til seinare, legg ho til.

Heile saka kan du lesa på PDF.