mai 042017
 

Morten Storebø, ordføraren, plukkar bos i Øklandsvågen på Hundvåkøy.

 

Ved å rydda i dag, tek me eit tak for dei som veks opp i morgon. Det er tanken ordføraren har før den nasjonale strandryddedagen.

 

På laurdag er den nasjonale strandryddedagen. Konteinarar frå SIM vert setne ut ved sju punkt i kommunen, og på same stad vil det stå representantar og levera ut bossekkar til strandryddarane.

– Sekkane vert leverte ut mellom klokka ti og tolv, og kan leverast att når som helst fram til måndag. Då kjem SIM og hentar dei, seier ordførar Morten Storebø (H).

Om nokon ikkje har høve å rydda i helga, men ynskjer å bidra ein annan nærliggjande dag, kan dei kontakta Austevoll kommune ved Stina Nordbak.

– Men hugs at dette er gjeld rydding av stand og turløyper, ikkje kjellar og loft, poengterer Storebø med eit smil.

Resten av saka får du i avisa i dag.