mai 042017
 

Inger Johanne Byberg, Mark og David Danley i passiar om Austevoll og felles slekt på Driveneset.

Over 100 år etter at Johannes Bertin Drivenes emigrerte over dammen, tok barnebarna Mark og David Danley turen til Austevoll for å finne røtene sine.

 

Etter nokre dagar på øyane, er Mark og David Danley frå USA særs entusiastiske over det dei har opplevd. Mora deira besøkte Austevoll ei veke i 1972, og snakka stadig om opplevinga.

– Selbjørn vart rett nok omtala som ein stein plassert midt i Nordsjøen, men besøket hennar og møtet med slektningane Kåre og Helga Byberg snakka ho om ofte, seier brørne som har reist til Noreg via Amsterdam i Nederland.

Mark og David har spreidd noko av oska etter mora på gravplassen mellom Kalvanes og Veivågen – der oldemora deira ligg gravlagd – har dei samstundes treft ein øybuar som han hugsa oldemora, altså mora til bestefarren deira, emigranten Johannes Bertin Drivenes.

– Olav Drivenes kunne fortelja oss at han kjende oldemora vår som eit varmt menneske. Det vart sagt at ho nytta mykje av dei siste leveåra sine til sengs, der ho strikka, seier Mark og viser fram bilete av oldemora og delar av eit manus Olav Drivenes har skrive om menneske i lokalmiljøet.

Resten av saka les du her.