mai 112017
 

Det er ikkje shopping. Det er terapi, seier skiltet som prydar disken på Vikki. Anne Gro Gjerde opna butikken i 1987, og i dag er eldstedottera, Henriette Rabben, dagleg leiar. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Anne Gro Gjerde har kledd opp austevollingar i 33 år. Butikken hennar, Vikki, har vore ein del av Bekkjarvik torg sidan den spede start.

– Skulen hadde fri, ordfører Halvard Møgster klipte snora, og Ove Thue og Ivar Medaas opptredde. Festen gjekk over to dagar, Selbjørn skulekorps spelte eine dagen og Trolandshamar skulekorps den andre.
Anne Gro Gjerde blar gjennom ein bunke med fotografi, og skildrar opninga av Bekkjarvik torg den 8. mai 1987.
– Det var så mykje folk der, du vil ikkje tru det. Stinn brakke!
Anne Gro og Vikki er blant dei som har vore med frå starten av, men historia hennar byrja nokre år tidlegare. I 1984 opna ho kledebutikken Biba ved samvirkarlaget på Rabben, men flytta etterkvart verksemda til Sentrumsbygg på Storebø.
– Då senteret her i Bekkjarvik skulle opna, opna eg butikk nummer to. Året etter, i 1988, vart eg mor for fyrste gong. Eg hadde venta så lenge på det, og bestemte meg for å prioritera å vera meir heime.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.