mai 112017
 

Nye midlar og inntektsnøklar til ferjefylka frå regjeringa i dag.

 

Regjeringa legg opp til å gje fylkeskommunane 100 friske ferjemillionar når kommuneproposisjonen vert lagt fram i dag. Ein av dei som har ivra mest er Helge André Njåstad (Frp).

2018 vil føra med seg 100 millionar kroner til ferjefylka i Noreg. Hordaland fylkeskommune vil verta vinnaren med 30,8 millionar kroner i overføringar til drift av ferjesambanda sine allereie neste år. Saman med leiar i kommunal- og forvaltningskomitéen, Helge André Njåstad (Frp), er Høgres Torill Eidsheim nøgd med forslaget.

– Dei nye anboda til Hordland fylkeskommune trer fyrst inn for fullt i 2020, slik at dette er ein god start på ei økonomisk opptrapping som vil styrka finansieringa av eit betre ferjetilbod, seier Eidsheim i ei pressemelding.

Oppdaterte ferjenøklar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår å endra dagens kostnadsnøklar for ferjetrafikken. Dagens system er vorte kritisert for å ikkje skilja mellom samband som er billege og kostbare å drifta. Sambanda utløyser i hovudsak like store refusjonar, uavhengig av lengde mellom ferjestøa og type farvatn. Møreforskning Molde har rekna på såkalla normerte ferjekostnadar, og ser på forhold som strekningslengd og trafikkmengd, som vil vera hovuddelen av overføringa frå stat til fylke i den nye modellen. I tillegg kjem eit tungt kriterium som vektlegg total kystline i fylket.

– Den gamle nøkkelen fungerte dårleg, og me har arbeidd i lengre tid med ein ny og betre utrekningsmodell, seier Helge André Njåstad til Marsteinen, og tilføyar at han er særleg nøgd med å sikra dei 100 millionane over neste års budsjett.

Av Trond Hagenes