mai 242017
 

Ida og Anja Heggholmen, Evy Ann Bjånesøy og Linda Rostøen omringar Don Juan – Sigve Drønen – bak i bussen på ein korps-tur med KDV. Biletet er utlånt av Sølvi Hausberg.

I Hengjo skal det vera fest med KDV på sundag, for korpset fyller 50 år og feirar så ein rund dag.

– Eg likar å spela dei som er litt raske og utfordrande, seier Anna Emilie Rivenes Vik (11).
Oline Møgster Molnes (11) er samd.
Pirates of the Caribbean er den kjekkaste! Medan Star Wars er drittkjedelig, han gååår sååå seeeint, seier ho og dreg på orda.
Under jubileumskonserten skal dei vera med å spela eit stykke som heiter Hjemme igjen.
– Eg vert flau av å spela han – me må joika midt i songen, seier Ingeborg Skår (11) og hevar augnebryna.
– Men det lyd så kult når me får det til! skyt Marte Blix (24) oppmuntrande inn frå sidelinja og ler. Ho har gått gradene i KDV, og er med i jubileumskorpset som skal opptre til helga.

Les om KDV både før og no i Marsteinen. Avisa får du kjøpt her.