jun 012017
 

Bente Stangeland i visningssenteret ved Storebø bryggje.

 

Er du nyfiken på korleis husværa i Storebø bryggje ser ut innvendig? Bente Stangeland viser deg gjerne.

 

I det gamle siglarnaustet i Gråsidalen er oselvarar bytt ut med eikegolv og fliser, kjøken og baderom. Det ser ut som ein ny butikk har etablert seg midt i anleggsområdet, og det har det på sett og vis gjort òg.

– Dette er eit visningssenter. Her syner me fram korleis innreiingane i Storebø bryggje vert, og folk kan få sjå og kjenna på kvaliteten, seier Bente Stangeland. Ho har ansvar for sal og marknadsføring av prosjektet, og har sjølv stått for vala av interiør i husværa.

– Kjøparar som kjem tidleg på banen, får vera med og forma husværet sitt sjølv. Til dømes har Sigdal, som me kjøper kjøkken frå, 30 ulike fargar på denne benkeplata til same pris, seier ho og stryk handa over den grå overflata.

Les meir om Austevolls Manhattan i avisa i dag.