jun 012017
 

– Han der er gull verd, kommenterer ein lærar i øyra mitt medan eg fotograferer Christer Sæbø. Barna på SFO ventar på tur til å bli løfta opp-ned, her er det Julia Johansen Våge (7) sin tur. Fremst hoppar tvillingsystera hennar, Liv, medan Ariana Røys Troland (7) står til høgre. Tekst og foto: May Linn Clement.

– At eg skulle arbeida ved skulen, var det siste eg trudde ville skje, seier Christer Sæbø (25).

Frå kontoret til Marsteinen, som ligg tett ved delar av skuleplassen på Storebø, har eg bite meg merke i Christer. Den unge mannen med kaps og tatoveringar som med stor innleving spenner fotball med småungane, som løftar dei høgt opp i vêret og sit på kne når nokon treng trøyst. Av og til er han som eit klatrestativ for barna.
– Eg har ikkje nok ro i kroppen til å sitja lenge i ro, seier Christer. Eller onkel Christer, som barna kallar han – sjølv om han ikkje er i slekt med nokon av dei. Han har nyleg teke fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og hatt alle dei tre læreåra sine ved Storebø skule.
At han som vaksen er med i leiken, og ikkje berre tilskodarar, ser han at barna likar.
– Eg prøver å vera ein slik vaksen eg sjølv skulle ynskja eg hadde då eg gjekk på skulen. Eg var ikkje ein snill gut, det vart mykje tull og tøys. Eg hadde mine turar til rektor, for å seia det slik, fortel Christer. Han minnast rektor Bjørn Kristian Bjånesøy som streng, men rettvis.
– Og no er han sjefen min – ein fantastisk god sjef. Det kjennest litt spesielt, eg trudde aldri eg skulle arbeida innan skulen. Det var heilt utenkeleg.

Les heile saka om Christer i Marsteinen i dag. Avisa får du kjøpt her.