jun 022017
 

Marknadsansvarleg i Marsteinen, Malin, har særs lyst på litt vatn, men fylgjer pent råda til Austevoll vatn og avløp, og held seg unna. (Illustrasjonsfoto)

Ikkje drikk vatnet frå springen, melder Austevoll vatn og avløp (AVA).

I går vart AVA klar over ei driftsforstyrring i vassreinseprosessen sin. Det vil seia at verdiane i vatnet er noko forskyvd mot normalen. Dette kom fram av verdimåling, som vert gjort ved anlegget kvar veke.
– Når slikt skjer, varslar me folk med ein gong om at vatnet ikkje må drikkast. Me tek ingen sjanse, seier administrerande direktør Geir Bergflødt.

Det som truleg har skjedd, er at noko som har lagt i biofilteret i reinseprosessen har blitt med inn i systemet og forårsaka misfarging på vatnet.
Leidningsnettet og høgdebassenget til AVA vart tømt i natt, og held no på å fullast opp att.
Prøvar av vatnet er tekne, og vert frakta til laboratoriet i Bergen på føremiddagen. Bergflødt vonar å få svar på prøvane i dag.
– Med det same me veit noko, går det melding ut til brukarane. Me skriv òg informasjonen ut på nettsidene våre.