jun 082017
 

Nøyaktig slik ser det ut når startskotet går. Gustav Møgster Grindheim, Tristan Andersen og Harald Mikal Njåstad vert paff, og står heilt stille ei ørlita stund før dei spring i veg. (Tekst og foto: May Linn Clement)

Pang! Skotet går, deretter går det ytterlegare to sekund før dei små beina tek fatt mot mål.

– Det var vertfall ingen tjuvstart i dette heatet, seier Johnny Rabben i det han trør ned frå bruskassen og laddar knallpistolen til neste runde. Femåringane som nett la i veg frå startstreken og mot mål var meir opptekne av å helda seg for øyro og ikkje kveppa av skotet, enn å springa då det fyrst var lov.

Les om Austevollmeisterskapen i friidrett i dagens Marsteinen. Kjøp avisa her.