jun 152017
 

Merkekoden var Princess på flytebryggja i Bekkjarvik. (Tekst og foto: Marie Mundal)

Eit nytt og duvande hyttefelt dukka opp i hamna i Bekkjarvik då Princess Yachtklubb Vestlandet hadde det årlege treffet sitt.

Frå taket på klubbpresident Øyvind Isaksen sin yacht, ser me utover eit skue av kvite båtnebb som bryt mot blå sjø. Eitt av dei skil seg ut, det er hakket lenger enn alle andre.
– Den båten der borte er båten til Bjørn, og det er berre ein Princess V65 på heile Vestlandet. Alle er litt misunnelege på Bjørn sin båt, må presidenten ærleg innrømma.
– Det er lett å få 3-fotsjuka, når du fyrst har ein båt, seier han. Dette syndromet betyr at du alltid vil ha ein båt som er tre fot større. Og større, og det er lett å bli smitta, smiler han.
Er Bjørn infisert av syndromet? Dette må me finna ut av.
– Eg starta med ein 23-fot i 1999, kremtar Bjørn Mathiesen. Kona Mette bryt inn.
– Trefot? Du har 10-fotsjuka.
Dei ler.

Les heile saka i Marsteinen.