jun 152017
 

Fyrst ut i den djupttrålande spalta til lokalavisa er skipper Nils Ingolf Haugland og styrmann Jermund Skår om bord i ”Harvest”. (Tekst og foto: Trond Hagenes)

Når skipper Nils Ingolf Haugland lenar seg fram i stolen sin, lenge før fisken er synleg på sonaren, er det grunn til å fylgja med, meiner styrmann Skår.

Han er vorten eldstemann om bord, skipper Nils Ingolf Haugland (56), og innrømmer gladeleg at han er vorten avhengig av dei yngre kreftene om bord i ”Harvest”. Fartøyet er eitt av dei nyaste i den lokale fiskeflåten, og er eit stabilt arbeidsverktøy. Borte er slingring akkompagnert av verk i ryggen frå gamlebåten med same namn.
– Det var reine gullbåten, seier skipperen og ser bort på styrmann og høgre hand Jermund Skår. Styrmannen nikkar, dei var saman i fire veker i strekk i 2012 og på den tida fekk dei fanga inn fisk for 28 millionar kroner. Slikt gjev gode minne. Brått er slingring gløymd. Det er fisk i nót og trål som gjeld når ein definerer ein god båt frå ein dårleg.

Les heile saka i Marsteinen.