jun 152017
 

Hanne Lene Gildersnes måtte sjå dei to hoppene Tirill Kos (14) og Frøken Dixie (9) bli avliva etter overgrepa dei vart utsette for i januar. Det siste halvåret har vore det mest krevjande ho har opplevt.

 

Konstituert lensmann Vidar Mjåtvedt konstaterer at overgrepssaka mot dei to hestane er vorten lagt bort, fordi dei trass gode tekniske prov ikkje har klart å prova brotsverket. Likevel appellerer lensmannskontoret til dei som har kjennskap om saka til å ta kontakt.

– Det skal utruleg lite til før saka vert opna att, slik ho no ligg.

For hesteeigar Hanne Lene Gildersnes og Nils Petter Økland vart morgonen dei  oppdaga at nokon hadde teke seg inn i stallen starten på eit mareritt. Travhestane Tirill Kos og Frøken Dixie var slett ikkje seg sjølve, og inntrengjarane hadde gitt den eine hoppa så mykje mat, at ho truleg ville ha omkomme om ikkje veterinæren hadde kom til unnsetning.

Gildersnes fortel til Marsteinen at dei to hoppene som dei eigde heile liva deira, over natt skifta personlegdom. To trygge dyr vart brått sinte og utrygge. Mellom anna tillét dei ikkje lenger at seletøy vart sett på hovuda deira, men rådet frå veterinæren var å sjå om hestane gjerne vart betre med tida.

– Dei sparka òg bakover når dei skulle skifta hestesko, og var nær på å drepa skoaren, seier Gildersnes. Det uunngåelege vart dermed faktum. Veterinæren gav råd om at dyra mått avlivast med ein gong. Dette var tre månader etter overgrepa fann stad. Ho fortel at ho måtte vera tilstades under avlivinga, og vart dermed vitne til at begge dei kjære hestane

sine vart liggjande i sine eigne blodpølar.

 

Gode spor

Trass i at saka er vorten lagt bort, er det altså gode tekniske spor å gå etter. Avtrykk av inntrengjeren sitt fottøy, med tilhøyrande analyse frå Kripos indikerer ein typisk ungdomssko. Det vart gjort forsøk på å sikra DNA frå stadar menneska som hadde teke seg inn i stallen hadde teke på.

– Kripos fortel til oss at det truleg er vorte nytta hanskar, mellom anna då det vart flytta to svarte stampar inn i stallen. På desse fann me òg fotavtrykk, seier lensmann Mjåtvedt.

Politiet er altså heilt sikre på at noko har skjedd i stallen ved Torangsvågen i januar, og for Gildersnes og familien har heile saka vore ei enorm påkjenning.

– Det siste halvåret har vore det verste i livet mitt, seier ho og legg til at det ikkje er enkelt å snakka om saka, og at bygdefolket bør respektera at det ikkje er noko ho ynskjer å snakka med alle om. Ho legg til at spekulasjonane som har versert òg har vore vanskeleg å få høyra.

Når politiet har lagt bort saka, kjem òg etterspel med forsikringsselskapet deira, som held seg til at det ikkje vart prova noko lovbrot.

– Me vil appellera til dei som veit noko om å gje seg til kjenne, no som me kjenner saka sitt tragiske utfall, avsluttar Mjåtvedt.