jun 182017
 

Rasmus Drønen Hatlevik på Austevoll Aure i iherdig duell med ein Askøy-spelar laudag. Laksane vann dei to fyrste kampane sine 5-1 og 4-1, før beina vart slitne i dei to siste kampane mot Askøy og Skogsvåg. Foto: Trond Hagenes/Marsteinen.

Fotballcup på Voss og i Etne. Marsteinen vil gjerne sjå dine bilete frå cupane. Send på e-post til redaksjonen@marsteinen.no. Lagbilete med namn kan gjerne leverast i resepsjonen hos oss innan tysdag klokka 12:00.