jun 212017
 

Det var ei kjent røyst på radioen då dette illustrasjonsbiletet vart knipsa i bilen til redaktøren. Han har DAB, og treng ikkje uroa seg for at det er stille når han køyrer heim etter arbeid i dag. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

– Eg tenkjer folk vaknar når det vert stille, seier Sjur Eide på Austevoll Auto.

Sjur Eide seier dei har hatt ein del kundar som har fått sett inn ein DAB-adapter i bilen sin.
– Men langt i frå så mange eg hadde venta. Eg trur derimot det kjem når det vert stille på radioen, seier han. Det skal skje på NRK sine FM-kanalar klokka 11:11 i dag.
Det er fleire måtar å få DAB-systemet inn i bilen din på, trøystar Sjur.
– Du kan anten skifta heile spelaren – som er den mest kostsame løysinga, eller få inn ein adapter. Med den smekraste varianten ser du ingen skilnad, men styrer kanalane med ein fjernkontroll.
Den heile enklaste varianten, med straum gjennom sigarettennaren, har ein prislapp på like under 3 000, medan den meir forseggjorte kostar borti 5 000 kroner. Vil du skifta ut heile spelaren, kan det kosta mellom 10 000 og 40 000 kroner.
– Dei fleste går for ein adapter, seier Sjur.

14 dagar venting
Operasjonen på bilverkstaden tek ein time for den lettaste adapterer, og to timar for den meir avanserte.
– No er det om lag to veker ventetid på verkstaden, så når det vert stille klokka 11:11, får folk byrja å synga. Stemma er sikkert sliten om fjorten dagar, men då kan dei få radio igjen, seier Sjur og ler.
Bilar som er så nye som 2014-modellar, kan mangla DAB-radio.