jun 222017
 

Ein av dei mest oppsiktsvekkjande superyachtane oppankra utanfor Juthola. Registert i Cayman Islands, ei lengde på 88 meter og 2 463 bruttotonn, skal me tru marinetraffic.com.

 

Så langt i år har det truleg vore like mange store yachtar til Bekkjarvik som i heile fjor. Mat og fisketur er hovdtrekkplastra.

 

Inge Halstensen og Vibeke Møgster er den lokale superyacht-komitéen i Bekkjarvik. Gjennom aksjar i Norway Superyacht Services er hamna sør i kommunen med på eit slags á là carte-kart, opplyser Møgster til Marsteinen.

– Særskilde attraksjonar vert trekte fram. På Bekkjarvik sin profil er det Ørjan og Bekkjarvik gjestgiveri og guida fisketurar som vert trekte fram, seier Møgster til Marsteinen. Andre stadar på kartet er mellom andre Aurland og Ullensvang.

Med knappe halve året gått, har talet på besøk av fornemme yachtar truleg passert heile fjoråret. Vibeke Møgster seier at dei for lengst har slutta å føra lister, sidan nokre av dei melde besøka ikkje materialiserer seg.

Heile saka får du her.