jun 262017
 

Herleg AIK-innsats mot tysk motstand. Foto: Phillip Bergset/Sør Cup.

Austevoll IKs gutar-15-lag var overlegne i den siste kampen i grunnspelet i Sør Cup i dag. Med ein klar 4-0-siger i kampen mot det tyske laget Blau Weiss Aase, ble Austevoll gruppevinnar i pulja si etter at dei laurdag slo Borre frå Vestfold heile 7-0 i den fyrste kampen sin. Seinere på ettermiddagen spelte gutane uavgjort 1–1 mot IK Våg frå Kristiansand. Dermed vann AIK si pulje på målskilnad mot IK Våg, 12-1 mot Vågs 5-2.

Kampen mot laget fra Kristiansands venskapsby Münster blei aldri spennende. Austevoll sette inn 1-0 etter 15 minutters spill. Ei scoring som Jonas Nord får kreditert, sjølv om den tyske keeperen fomla ballen i mål på eit skot som han absolutt burde hatt kontroll på. Så vart det 2-0 etter 22 minutter ved Gabriel Ramsay. Også her burde keeperen redda det ikke altfor velplasserte skotet, men han fekk ikkje til beinparade. I kampens 37. minutt gjekk Austevoll opp til 3-0 i eit angrep der den tyske keeperen ble helt utspilt og Herman Birkeland kunne plassera ballen i det tomme målet. 4-0 kom på et herleg soloraid av Daniel Hufthammer i kampens 49. minutt. Alt i alt var Austevoll sine gutar overlegne i alle spelet sine fasar og vann ein særs fortent siger. Kampen blei spela på Sparebanken Sør Arena, og det virket som om guttene storkoste seg på den flotte arenaen.

Austevoll sin neste kamp er deira fyrste i A-sluttspillet som òg er ein av kvartfinalene i turneringen. Han skal spelast allereie i dag på Sparebanken Sør Arena. Motstander er Moss FK, den gamle fotballstorheten fra Østfold.

Tekst: Philip Bergset/Sør Cup.