jun 302017
 

Kjekt med vasskuter for systrene Torsvik.

Det er ikkje akkurat ein Vespa systrene Torsvik set seg oppå når dei ynskjer litt vind i håret. Med vassjet vert det høg fart og sjøsprøyt.

 

Tvillingane Anna og Stine Torsvik (20) var med og kjøpte vasskuter i fjor sommar. Noko av det kjekkaste dei veit er flatt hav og høve til å verkeleg setja klampen i botn og fresa av garde.

– Eg konsentrerer meg veldig når eg køyrer fort, samstundes som akselerasjonen i starten gjev ein god del adrenalin, seier Stine på flytebryggjekanten i Kolbeinshamn.

Om bord i farkosten deira, som liknar på ein stor moped med oppbygd skrog rundt seg, sit tvilling Anna og veslesyster Malin (11).

– Det er kjempekjekt å vera med å køyra vasskuter, seier Malin. I motsetnad til storesystrene likar ho godt at det er rørsle i sjøen og det raske framkomstmiddelet kan jobba seg over bylgjekamane.

– Eg har vore med mange gongar, og har lært meg å halda meg godt fast, smiler ho.

 

Kontroversielt

Stortinget opna nyleg opp for at dei lynraske fartøya er å rekna som ein kvar annan båt, noko som har fått mange friluftsorganisasjonar og lokalpolitikarar, mellom anna i Vestfold-skjergarden, å engasjera seg mot ferdsle av fartøya i skjergarden. Systrene Torsvik meiner at det urimeleg å gje fartøytypen skulda for at einskildpersonar ikkje er medvitne ansvaret sitt.

– Det er mennesket som styrer skuteren det kjem an på. Ein må visa omsyn, uansett. I tillegg har eg langt betre kontroll over ein skuter enn eg har på ein båt. Skuteren reagerer med ein gong dersom me slepp gassen, og du kan jamvel bremsa med han, seier Stine.

– Sikten du får til det som rører seg på sjøen er dessutan særs god, sidan du sit så lågt, supplerer ho.

 

Turmaskin

Fyrst og fremst er likevel vasskuteren eit verktøy for å komma seg ut på sjøen. Ein tur rundt Huftarøy på saumfulle 36 kilometer går raskt unna, og den tørste maskinen syper gjerne i seg nærare ein halv tank om ein pressar gassen til det maksimale.

– For tida må me uansett til Bekkjarvik eller Vedholmen for å fylla drivstoff, sidan det er stengt på Storebø no som dei byggjer symjeanlegget der, seier Anna. Rettnok hender det at dei fyller opp kanner og dunkar med bensin.

Vassjeten suger inn sjøvatnet, og spyttar det ut under høgtrykk. Dette er med på å gjera farkosten følsam for framandelement som kan verta trekte inn i motoren.

– Ålegras, slike som festar seg på småstein på botnen, er særleg ille for motoren. Difor skal du som hovudregel ikkje køyra på grunt vatn, seier systrene. Dessutan er det essensielt å spyla fartøyet i ferskvatn etter det er i bruk. Som hovudregel vert skuteren teken på land mellom kvar gong han er i bruk, informerer dei sporty systrene.

 

Av Trond Hagenes