jul 062017
 


Anniken Haukanes (44) stod att åleine med flaska og rusen, etter mange tøffe år. Til slutt måtte ho velja mellom livet eller å drikka seg i hel.   

Dråpene sildrar nedover vindaugsruta i den knallgule rorbua i Vasseide. Godt planta i sofaen sit Anniken Haukanes med ei historie som absolutt ingen vil kopiera. Rusen har i lang tid vore ein stor del av livet hennar. Ho har vore sårbar, einsam og ikkje minst levd eit hardt liv, som har prega både henne, kjente og nære.

– Det heile byrja eigentleg på barneskulen. Allereie då fekk eg stempelet. Hore, vart kallenamnet mitt, seier ho. I fylgje Anniken fekk ho alltid høyra at ho var til bry for andre, eller som det stod i meldingsboka kvart år – ei urokråke.

– Eg hadde skilte foreldre, noko som vart sett på som ei skam av fleire  på den tida og på den måten vart eg allereie i tidlig alder sett på og behandla annleis, fortel ho. Barndommen var tøff. Ho fortel at ingen likevel såg igjennom fasaden ho hadde. Ingen tenkte at det kanskje var ei grunn til at ting var som dei var. Anniken var alltid på jakt etter ein tryggleik.

– Far min var òg alkoholikar, og i desperasjon prøvde eg å søkja ein plass å finna trygge rammer, det gjorde at eg vart litt gutegal. Eg trong merksemd, seier ho og legg til at det gjorde at ho vart stempla i lokalsamfunnet.

– Når folk høyrte dette tok dei seg rettigheiter, som dei absolutt ikkje hadde. Det førte til valdtekter, noko som har prega meg heile livet. Det var ikkje min familie det var noko med. For han har alltid vore meir enn god nok, fortel ei gråtkvelt Anniken.

Les heile portrettintervjuet med Anniken her eller på papir i dag.

Av: Severin Tøkje