jul 132017
 

Alfred Økland meiner at kommunen enkelt kunne ordna vedlikehald kring den gamle skulen på Trolandshamar.

 

Rettnok er skulen på Trolandshamar nedlagt, men skulebygget som skal rivast grin mot deg, og trass at kalenderen viser medio juli har det ikkje vorte slått kring eigedommen.

 

Tor Hufthammer og Alfred Økland etterlyser kommunalt vedlikehald og vøling kring gamleskulen og idrettsanlegget på øya.

– Me kjenner oss gløymde. Den eldste delen av skulen er farleg og graset rundt på området og idrettsanlegget har ikkje blitt slått, trass i at me er langt over midtsommar, konstaterer duoen. Gjentekne gongar har dei vore i kontakt med kommunen si avdeling for utbygging, drift og vedlikehald, som dei meiner har resultert i lause lovnadar om at noko kanskje kan verta gjort.

Les heile saka med kommunen sitt tilsvar i avisa i dag.