jul 272017
 

Ann Elin «sit» seg ikkje ned. Ho set seg ned, fyrst då sit ho. (Tekst og foto: May Linn Clement)

– Ein pushup for kvar feil me oppdagar i avisa i morgon, var avtalen journalist Severin og fungerande redaktør May Linn (kor godt ho fungerer kan nok diskuterast) gjorde då Marsteinen vart sendt i trykken i går. Det er flaut å seia det, men me trudde ikkje det skulle verta noko trening på oss.

Fyrste feil oppdaga me allereie på framsida. Her står det at J16-laget som er på Dana Cup leia 2-0 over dei brasilianske motspelarane til pause. Det gjorde dei ikkje. (Les saka på side 8 for å finna ut kva stillinga eigentleg var til pause!)

Andre, tredje og fjerde feil er på side 3. Både i tittelen og i biletteksten står det at Bergitte og Dryss får nye «lokaler» og «lokalar». Begge delar er feil. Det ho får, er nye lokale – så enkelt, men så vanskeleg å skriva rett! I biletteksten står det òg at ho satsar på å opna onsdag. Der skulle det stått torsdag.

Femte feil er at saka på side 5 manglar byline. Saka er det May Linn som har skrive.

Sjette feil er på side 7, der litt redigering i siste liten har gjort at namnet til Kurt Nilsen, altså Kurt Nilsen, ikkje er nemnd ein einaste gong i førehandsmeldinga om at Kurt Nilsen har konsert i Bekkjarvik i morgon.

Ein siste feil, som eg framleis stussar litt på, er om det er riktig at Ann Elin på side 12 «sit seg ned i solveggen». Eg trur det rette her er at ho «set» seg ned, altså presensform av verbet «å setje». Det er fyrst når ho alt har sett seg ned, at ho sit.

Åtte pushupar vert det difor på May Linn og Severin (ja, eg veit han er ung og utan skuld i denne saka, men det bryr eg meg fint lite om) i morgon.
De som har lagt oss til på Snapchat, som me har hatt i to dagar, får sjå pushupane der. Me legg det sikkert ut på «story’en». (På Snapchat heiter me marsteinenavis, då namnet marsteinen allereie var teke.)

Har du oppdaga feil me ikkje sjølve har sett? Send oss bilete på snap eller e-post, redaksjonen@marsteinen.no.