aug 032017
 

I går spela G16-gjengen til AIK B-sluttspelkamp mot Vestli på Ekebergsletta. Tekst og foto: Vidar Alfarnes.

Dana Cup har i årevis vore sommarturneringa for fotballfolket i Austevoll. Den siste veka har ein gjeng lokale gutar testa ut livet på og kring Ekebergsletta. Dei likar det dei opplever.

Det starta med eit aldri så lite kultursjokk; overfylte bussar, køar kor ein gjekk, og ein heil masse dialektar og språk som fleire skjøna fint lite av. I tillegg var fyrste kampen i puljespelet heilt ”rævva”, som dei seier her borte. Men det er rart kor tilpassingsdyktige sjølv innbarka austevollingar kan bli. På femte dagen storkosar dei seg, og har til og med fått fart på lêrkule og føter. Og nattelivet på harde klasseromsgolv er i grunn heilt ok.

Les heile saka i Marsteinen.