aug 102017
 

Christer Sæbø (25) fekk i går 100 % fast stilling ved Storebø skule. Me står ikkje lenge i ro for å fotografera, før to små hender strekkjer ein ball mot Christer. – Draumejobben, seier han. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

– Dette betyr så mykje for meg. Eg er kjempeglad, det er draumejobben min, seier den nytilsette barne- og ungdomsarbeidaren ved Storebø skule.

– Christer har kvalitetar som me ikkje finn hos mange andre. Han bidreg med ein positivitet, og viser ei glede med å vera rundt barna som eg meiner er særs viktig, seier rektor Bjørn Kristian Bjånesøy. I går kunne han tilby Christer hundre prosent stilling som assistent ved Storebø skule og SFO, etter å ha vurdert mange gode kandidatar.

Stort engasjement
Få saker har engasjert så mykje på Facebook-sida til Marsteinen, som då me skreiv om Christer Sæbø (25) like før skuleferien. Som 20-åring måtte han, etter nesten fullført læretid som matros, gå i land grunna sjukdom. Deretter skifta han beite totalt, og byrja som lærling ved Storebø skule i faget barn- og ungdomsarbeidar. Skulevesenet, som han sjølv ikkje var ein stor tilhengjarar av som barn, var den siste staden han trudde han skulle få seg arbeid.
Då artikkelen vart skriven, var det ikkje arbeid til Christer frå hausten av. Både kollegaar, foreldre og besteforeldre til barn ved skulen kommenterte på saka, og uttrykte stor takksamd for arbeid han hadde gjort som lærling i fire år.
Det var ein smørblid assistent me møtte saman med ei handfull SFO-barn ved Storebø skule i går.
– Eg var på intervju i går, og rekna eigentleg ikkje med å få jobben. No er eg så lukkeleg, sa Christer, som for høvet hadde bytt ut skuggehua med ein blomekrans laga av ei lita jente.