aug 102017
 

Laurdagen kan du vera sikker på å møta bygdafolk på Joker Bakkasund. Her har Hallvard Stenevik stilt seg bak kamera. (Tekst: May Linn Clement)

Tek du butikken frå ein utkant, tek du livsgleda frå han med det same.

Det er laurdag og grått vêr. Vêret har mykje å seia for aktiviteten i båthamna ved Bahus. Ho er ikkje full denne augustdagen. Men laurdag er laurdag, og det betyr at folk likevel finn vegen til Joker-butikken.
– Me driv litt med speling …
– Hysj!
Edvard Johannes Stangeland vert avbroten av Kjell Arne Gloppen, som prøver å retta opp i kameraten si forsnakking.
– Me speler blokkfløyte. Me øver til ein konsert, og har ikkje spelt på ei stund.

Meir om «blokkfløytene» og «konserten» kan du lesa i Marsteinen.