aug 142017
 

Ein trailer har rulla inn i ein personbil på ferja. Totalt fire bilar skal vera involvert i ulukka,
som fann stad under avgang klokka 14:15 frå Hufthamar til Krokeide.

Ein av bilane skal ha store materielle skadar etter ulukka. Foto: Marsteinen-tipsar.

 

– Dette er eit pågåande oppdrag og politiet er på staden. Det er meldt om store materielle skadar på ein personbil. Ein person fortel om smerter i nakken. Totalt har ulukka ramma fire køyretøy, opplyser operasjonsleiar Ole Ronny Olsen til lokalavisa.

 

Av: Severin Tøkje