aug 172017
 

Daniel Torsvik (i midten) fortel om avskrivingar av oljeklede på fiskebåtane før i tida. Til venstre sit Kjell Elholm, medan eldstemann rundt bordet, Karl Johan Kleppe, sit til høgre. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Det er mykje god helse i drøs over ein varm kopp kaffi.

Dei har faste stolar, og sakene på den uskrivne sakslista er ganske faste dei òg.
– Fyrst på lista kjem fiskeri, og me snakkar om heimefiske og korleis det går med dei som er ute. Om det då ikkje er anna å ta opp, snakkar me om slekt, seier Magne Drønen.
– Og det viser seg at me er jo i slekt heile gjengen, legg Karl Johan Kleppe – Kalle – til.
Så ho var inne på noko, søster Birgit, då ho i si tid gav råd til den nye lækjaren i kommunen, doktor Finn Dyngvold: Hugs å snakka fint om folk, for her er alle i slekt med alle.
– Ho kom frå Karmøy. Eg hugsar ho sa om seg og mannen, Anton, at når ein av oss døyr, skal eg flytta attende til Karmøy.
Karane ler godt. Det gjekk nesten som Birgit føresåg. Ho vart enkje, men flytta ikkje frå Austevoll likevel.

Les heile saka i Marsteinen.