aug 312017
 

Bjørnis stikk nasen inn i Havørn-rommet, og har publikum med seg frå fyrste stund.

 

Dei er pynta, nokre av barna i Sjøliv maritime barnehage på Hundvåkøy. Det er nemleg ikkje kvar dag ein brannmann kjem på besøk.

Kristina Njåstad har fletta seg og fått kjole på for høvet, medan Ludvig Skår har ei rosa stripe på toppen av manken. Peter Taranger har teke med seg brannhjelmen sin, og Jakob Skår har fått Vennebyen-tatovering på handa. Dei står klistra til vindauget i gangen og ser mot parkeringsplassen. Kjem brannbilen snart?

Og der, plutselig og ut av ingenting, kjem det ein raud bil.

– Det der er ikkje ein brannbil. Det er ikkje slange på han, seier Peter.

Resten av saka finn du på papir eller PDF i dag.