sep 072017
 

Inge Halstensen går om bord i «Granit» for fyrste gong. I dag er det dåp.

Det er femti år sidan Inge Halstensen var med og bygde den fyrste fiskebåten sin for reiarlaget. Når ”Granit” ruvar ved kaien er han ikkje like sveitt i hendene som i 1967.

 

Det er mykje som skal på plass inne i skroget til ein kombinert kvitfisk- og torsketrålar. Nye ”Granit” ruvar så det held når han vert fortøydd ved kaien i Bekkjarvik.

– Den førre store båten vår ”Manon” gjekk nett forbi her. Han såg ut som eit lauv ved sida av ”Granit”, smiler reiar Inge Halstensen. Sjølv har han enno ikkje sett beina sine om bord i den nye fiskebåten. Då han var på sjøsettinga i Tyrkia var skipet berre eit skal av metall.

Ein av reiarlagets menn i byggjefasen er Nils Bjarte Djupevåg. Han innrømmer at det ikkje har vore like lett under heile byggjeperioden.

Les minireportasjen i avisa i dag.