sep 072017
 

Iman, Noura, Shirin og Regina verkar å ha ei kjekk feiring.

 

Tilgjeving, gåver, omtanke og god mat var blant fokusa då muslimane ynskte austevollingane velkomen til høgtidsfeiringa eid.

 

Fleire titals austevollingar har tatt turen til det gamle skulehuset på Storebø, der muslimane i kommunen har invitert til eid-feiring. For dei ukunnige, som meg sjølv på førehand – er Eid ei høgtid der dei minnast profeten Abraham som var villig til å ofra sin eigen son, Ismael til Allah. Dette hadde han fått ordre om i ein draum. Djevelen prøvde å få Abraham til å handla mot Guds vilje, men profeten nekta og då han skulle ofra sonen vart han stoppa av Gud, som gav han ein sau i staden.

– Denne festen vert heldt om lag to månader etter ramadan, altså no. Me slaktar sau og gjev til dei fattige, samstundes som me et litt og delar resten med vener, forklarar Noura Alhoussain til lokalavisa. Muslimane har nemleg ikkje lov å eta heile sauen åleine.

Resten av saka les du i avisa i dag.