sep 082017
 

 

Kan han flyga? Neymar Jr kostar like mykje som ein Dreamliner. Teikning: May Linn Clement.

 

Kor god kunne eigentleg Mons Eivind Troland blitt i fotball? Framleis, 30-40 år etter at den råsterke fiskeskipperen var i toppform, sit det enno nokre eldre menn og lurar på svaret. Sanninga var at mursteinspissen tente betre som fiskar enn han ville gjort som Brann-spelar. Han valde skuta, men om det hadde blitt annleis kunne dét ført han i køen bak Jan Ivar Aas og andre nordmenn som freista lukka i europeiske toppklubbar? I dag kan nok ein Brann-spelar konkurrera med lønna til ein austevollfiskar – og om du er verkeleg god og heldig og gjer ein Claus Lundekvam og når heilt i toppen, flagrar euro- eller pundsetlane om øyro.

Frå velmeinande fans, griske direktørar eller oljesjeikar og russiske oligarkar: Pengar er det vorte stadig meir av i fotballen. Ei Juventus-skjorte med stjernespelar Dybala sitt namn på ryggen kostar raske 950 kroner frå klubbsjappa i Torino. Utan norske tollsatsar og meirverdiavgift.Fansen er tydelegvis villig til å betala…

Neymar Jr. (kven er senior, forresten, han har eg aldri høyrt om) si drakt kostar 1199 på ei norsk/dansk nettside. Rettnok har Paris St. Germain ei ganske fin skjorte, men det er neppe tekstilarbeidarane som sit att med ei anstendig løn etter brasilianaren sin overgang frå den spanske gigantklubben til franskmennene (som ikkje ein gong vant serien i for). Nesten 2,5 milliardar kroner – eller litt meir enn tolv fullutstyrte, nye ringnóttrålarar – kosta fotballspelaren. Rettnok utan kvoter, men likevel. Eller om du er Bjørn Kjos, ein Boeing 787 Dreamliner.

Eg skal krypa til krossen: I heimen har eg hatt store mengder fotballskjorter. Ikkje berre Aston Villa-skjorter frå 1992/93, 1993/94, 1994/95 (sikkert minst ti til saman) … men òg ei Udinese-skjorte (velmeinande bror kjøpte feil), italiensk treningsskjorte, ei hollandsk landslagsskjorte med Davids og nummer 8 trykt på ryggen, og ei kroatisk landslagsdrakt som eg ikkje skulle hatt på meg ein tur til Bergen. Eg fekk mange hatske blikk frå menneske som eg mistenkjer kunne vera frå eit av dei andre landa i tidlegare Jugoslavia, alternativt frå land kroatane hadde most i landskampar i fyrste halvdelen av 2000-talet.

Rettnok såg eg ut som ein klovn i den sjakkbrettmønstra og raud-kvite skjorta: Studielånet hadde sikkert vore lågare om eg hadde skåre ned på talet av fotballtekstilar i skuffa.

Det er 25 år sidan den engelske fotballen rykka opp i eliten att, dei hadde vore ute av varmen sidan Heysel-tragedia, i 1985. Med Premier League kom pengane, ståtribunane forsvann, tryggleiken auka og dei betrestilte, høflege klapparane kom inn på fotballstadium. Då eg byrja gå på fotballkamp i England, kosta det knappe 10 pund å stå på the Holte End, i dag flaumar tribunane over av turistar og solskinsupporterar, og prisane? Dei freistar ikkje noko særleg når ein både har studielån og ei kjensle av at klubbane har finta supporterane sine ut i pølsebua. Sjølv har eg sett pølsa i halsen …

 

Av Trond Hagenes