sep 082017
 

Som mange andre, vart Torbjørn Røe Isaksen (H) imponert over simulatoren ved Austevoll maritime fagskule. Han fekk undervising av studentane Anders Grov og Tord Møgster. Til høgre står Liv Kari Eskeland frå Stord Høgre. (Tekst og foto: May Linn Clement)

I dag var kunnskapsministar Torbjørn Røe Isaksen (H) på omvising ved den maritime fagskulen på Haukanes. Han meiner studentane ved fagskular bør få same vilkår som dei ved universitet og høgskular.
– Det har vore systematisk forskjellsbehandling. Begge er høgare utdanningar, og bør jamstillast, sa statsråden.

Kvotane til skuleskipet ”Stø kurs” vert i dag regulert ut frå om det er under eller over 15 elevar i kvar klasse. Det gjer at det somme år ikkje vert råd for elevane å reisa til Lofoten på fiske. Assisterande rektor Håvard Magnus Njåstad tok dette opp med Torbjørn Røe Isaksen, som sende melding til fiskeriminister Per Sandberg (Frp) med det same.

Meir om besøket kan du lesa i Marsteinen neste torsdag.