sep 092017
 

Rundt oss står soppen og ventar på å bli plukka. Ein kjapp tur gjennom Inger Anne-løypa, og Tina Grindheim plukka med seg desse etande soppane: Fløyelssopp, krittøsterssopp, stilkrøyksopp, raudnande fluesopp, gul trompetsopp, bleik piggsopp og diverse kremler. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Tina har inntrykk av at det ikkje vert plukka altfor mykje sopp i Austevoll. Av det som vert plukka, er det mest kantarell, ein sopp mange kjenner seg trygg på.
– Eg kom over ein gravplass av gamle steinsoppar, som er ein kjempegod sopp. Det var litt trist å tenkja på at dei kunne blitt plukka og spist berre ei veke tidlegare.

Møt den einaste soppsakkyndige i kommunen, Tina Grindheim, i Marsteinen.