sep 112017
 

Sergey Naumov og Lene Wetteland (til høgre) held auge med valet og stemmegjevinga på Stolmen.

 

Alt før vallokala opna er observatørane Sergey Naumov frå Usbekistan og russiske Oleg Kraev på plass på Stolmen for å analysera om det norske valet går rett føre seg.

 

Lene Wetteland frå Den norske Helsingforskomitéen fortel til Marsteinen at dei to valobservatørane ikkje kan uttala seg til pressa før vallokala stengjer i kveld klokka 21. På Stolmen var Karoline Blix fyrst ut med å gje stemma si.

– Eg synest det er spesielt at det kjem valobservatørar heilt ut til oss, men samstundes er det bra: Valsystemet vårt er bygd på tillit, men kanskje nettopp difor kan det verta ei kvilepute, seier Blix til Marsteinen.

Etter å hatt falkeblikk på førebuingar, og mellom anna forsikra seg om at valurna er tom, tek fylgjet turen vidare innom stemmelokala på Selbjørn og Storebø skule før fastlandet står for tur.

Meir om inntrykka til Naumov og Kraev får du i avisa på torsdag.

Karoline Blix er fyrst ute med å gje stemma si på Stolmen. Ho synest det er bra at valobservatørar frå utlandet held valet under oppsikt.