sep 192017
 

Kontrolleiar Birger Lønne seier at sikring av barn er noko dei tek på alvor. – Me driv òg rettleiing og opplæring på dette når me har kontroll, seier han.

Manglande og dårleg sikring av barn var blant det kontrollørane frå vegvesenet registrerte i Austevoll i går.

I går vart 67 køyretøy vinka inn til sida då Statens Vegvesen gjennomførte kontrollar fleire stadar i Austevoll i går. Tolv personar fekk gebyr for manglande bilbelte, og ein førar vart meld for å ha eit usikra spedbarn i bilen.
– Me såg fleire tilfelle av dårlig sikring av barn. Dette tek me særs alvorleg. Barn er ei gruppe som ikkje kan bestemma slikt sjølv, at dei er forsvarleg sikra er opp til dei vaksne. Resultata me har etter kontrollen synest eg er høge. Me kjem til å ha fleire kontrollar i Austevoll, seier kontrolleiar Birger Lønne til Marsteinen.

Les meir om kontrollane i Marsteinen på torsdag.