sep 212017
 

«Hardhaus» i aksjon denne veka. Makrell vert det òg. Foto: Olav Endre Drønen.

Fleire av austevollbåtane har løyst tampen og teke fatt på makrellen. I går hadde ”Hardhaus” 130 tonn av snøggsymjaren på RSW-tankane sine å skriva heim om.

– Me ligg og kavar på nót. Det er dårleg vêr og makrellen er vanskeleg å få, seier skipper Geir Møgster til Marsteinen. Skipperen kan melda at dei knapt har kome i gang med fiskeriet, men at makrellen ser ut til å ha ein viss storleik i år: 450 gram i snitt så langt.
Geir Møgster har relativt god tru på prisnivået under årets makrellsesong, og karakteriserer dette fiskeriet både som det mest spanande og innbringande for året.
– Det er mykje makrell i havet, og me uroar oss over at Det internasjonale havforskingsrådet, ICES, ser ut til å tilrå lågare kvotar til neste år. Dette stemmer overhovudet ikkje inn i røyndomsforståinga vår, seier ”Hardhaus”-kapteinen.
Salsleiar Odd Andersen i Norges sildesalgslag håpar på ei god prisutvikling i marknaden. Enno ser det ut til at den meste prisdrivande marknaden, Japan, ikkje har kome med tyngde på banen.
– Det er litt tidleg å spå om prisen, sidan einskilde kort ikkje er delte ut enno, seier Andersen. Heilt i starten av sesongen er snittprisen i år like over ni kroner per kilo, medan han i fjor låg 23 øre høgare med 9,32 kroner per omsette makrellkilo.