sep 212017
 

Gro van der Meeren vil gjerne ha hendene sine på geléballane.

Ein uidentifisert geléball har gjort Gro van der Meeren og Havforskingsinstituttet til medieynglingar dei siste vekene. Sjølv har ho klåre teoriar om kva ho trur ballen er …

Geléballar på opptil halvannan meter i diameter som flyt heilt frå overflata og nedover til rundt 20 meters djupn, har fått både dykkarar og forskarar til å klø seg i hovudet denne hausten. Media har òg vist stort interesse for mysteriet, og ikkje berre innanlands.
– Nett no kokar det i Sverige, fortel Gro van der Meeren. Ho har snakka med to svenske radiokanalar om fenomenet, og har òg fått førespunad frå The Washington Post.
– Storleiken har nok betyding, seier ho og smiler.

Les meir om denne saka i avisa i dag.