sep 212017
 

Politiet sjekkar maskevidde på dei ulovlege garna dei konfiskerte denne veka. Reglar og føreskrifter som gjeld ser du under.

 

Desse reglane må du fylgja om du fiskar med garn. Sjå elles nyhendesak i avisa i dag.

  • Aldri lov å fiske laks og sjøaure med garn, difor utkastingsplikt. Unntaket er for fiske etter rømt oppdrettsfisk om hausten, gitt disp til det, må registrere seg hjå fylkesmannen, og følgje dei reglane satt for det fisket.  Sjå bla § 43 i lakse- og innlandfiskelova, med tilhøyrande forskrift (om reiskap).
  • Påbod om nedsenking av garn med maskevidde over 32 mm 1. mars til 30. september, § 43 i lakse- og innlandsfiskelova.
  • Forskrift om fiske i sjø.
  • Fredningssoner i Hordaland her finn du at det ikkje er lov med garn i nærleiken av vassdrag og i div fredningssoner.
  • Utvida nedsenking i Hordaland, gjeld Hardangerfjorden og rundt Osterøy.

 

Så å setje garn i nærleiken av vassdrag er aldri lov. Det er heller ikkje lov å fiske laks/sjøaure med garn, og det er ikkje lov å setje garn slik at det er sannsynleg at dei tar laks og sjøaure (trur det fins ein dom på akkurat det, ikkje i dette fylket). På denne tida av året skal alle garn med maskevidde over 32 mm senkjast 3 meter.

Kjelde: Gry Walle, Fylkesmannen i Hordaland.