sep 212017
 

Morten Storebø (H) seier det knapt har gått éi veke etter han vart ordførar i 2015, utan at han har arbeidd med regional kystsoneplan. Førre veke møtte han fylkespolitikarar og representantar frå dei andre kommunane som er omhandla av planen.
– Planen er for detaljert. Det høyrer ikkje heime i ein overordna, regional plan å seia på millimeteren kor stort eit naust skal vera, seier ordførar Morten Storebø. Han har fleire problem med kystsoneplanen, som skal opp og avgjerast i fylkestinget den 3. oktober.
– Formålet med planen er eigentleg bra, men når me ser korleis han hindrar utvikling i havbruksnæringa, vil det ha store konsekvensar for oss, seier Storebø til Marsteinen. Han hadde ei god kjensle etter møtet førre veke.
– Eg har inntrykk av at fylkespolitikarane ynskjer å koma oss i møte på viktige punkt, og at dei vil ha eit breitt politisk forlik i fylkestinget. Det er positivt.