okt 012017
 

Steinar Aarland veg godteposen til Eirik Blix, som har råd til litt til. Veslebroren Magnus tok for 30 kroner på fyrste forsøk. I kassa bak ekspiderer Nils Harald Aarland. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

– Det vert 25 kroner, seier Steinar Aarland i kassa.
– Då kan eg finna litt til, seier Eirik Blix (9) og tek godteposen med seg inn att i butikken. Han kjem snart attende til kassa.
– Er det 30 kroner du har? Då har du råd til éin ting til. No var det 29, seier Steinar når han veger innhaldet i posen. Eirik gjer som Steinar rår til, og treff rett på 30 på tredje forsøk.
– Eg tok for 30 kroner på fyrste forsøk, seier veslebroren Magnus, og brørne tek posane med seg ut i sola.

Bli med til Joker Stolmen i Marsteinen i dag.