sep 282017
 

Solveig Salthella (81) med kamsgryta si. I avisa i dag får du òg oppskrifta på godsakene.

Et du med augo, får du gjerne vanskar med kams. Lukkar du dei og let ganen gjera jobben, forstår du kanskje kvifor retten vart omtala som havstrilens nasjonalrett.

 

Kva får godt vaksne menneske til å funkla i augo og slikka seg om munnen når denne tilsynelatande udelikate retten blir samtaleemne? Nærare to tiår etter eg sjølv sist sette tennene i den mektige, komleliknande deigen som er pressa inn bak andletet til ei ulukkeleg brosme, dreg eg til Salthella for å finna det ut.

Det er berre eit ørlite drag av haust når eg løftar panna med fiskehovud ut frå bagasjerommet. Solveig Salthella (81) tek i mot, medan eg hentar den andre panna, der fiskelevra han fått liggja i kaldt vatn sidan den ferske fisken vart henta på flytebryggja til Per Teigen dagen i førevegen.

– Fyrst skal me skrubba hovuda, ta hinna av levra og fjerna ureinheiter, viss det er, seier Solveig og går inn i grovkjøkenet i kjellaren. Her har ho ein liten kjøkenbenk med vask og ein utslagsvask. Oppgåva mi vert å skrubba hovuda på den tidlegare langstrekte torskefisken fri for slim. Ei takksam oppgåve.

Å få tak i brosme på same tida det har passa for kamsmeisteren, har vore ei krevjande øving. Og flaks at det var akkurat i går hobbyfiskaren gjekk ut, dagen i dag er den siste Solveig har sjans, for i morgon ber det til Hagavika: Ei utsliten hofte skal skiftast ut. Kjekt med reservedelar.

Les oppskrifter og resten av saka på PDF i dag.