okt 092017
 

ICES» makrellråd er utforståeleg, meiner lokale fiskarar. Foto: Olav Endre Drønen.

Det internasjonale rådet for havforsking, ICES, tilrår ein reduksjon på makrellkvotane på 35 prosent. Fiskarane er sinte, og meiner havforskarane bommar på skiva.

 

Inge Halstensen er ein av dei som reagerer sterkt på tilrådinga frå ICES. Bekkjarvik-reiaren konstaterer at kvoterådet bommar så grovt at einskilde av kyststatane kan komma å sjå heilt bort frå det, i ytste konsekvens melda seg ut av organisasjonen.

– Fyrst og fremst er det synd for ICES, som trass alt er avhengig av ein slags legitimitet. Det har me følt det har vore grunnlag for før, men dette rådet fører i ei anna retning, seier Halstensen til Marsteinen. Han er særleg kritisk til at forskarane ser ut til å berre vektleggja toktet der dei tråla etter makrellegg, og har sett bort frå alle andre indikatorar som peika i retning av ein altfor stor bestand.

 

I tilsvaret frå HI-direktør Geir Huse har det snike seg inn ein feil. Marsteinen orsakar feilen:

I avsnittet under står rett versjon (utheva):

 

Økosystemforvaltning

Geir Huse meiner at det ikkje er godt nok grunnlag for å hevda at makrellen øydelegg livsgrunnlaget til andre artar i Norskehavet. Dyreplanktonnivået er stabilt. Makrellen er i stor grad altetende og vil kunne ete sine eigne og andres fiskelarvar, men hovedføden er likevel små krepsdyr som raudåte.

– Når det gjeld sjøfuglane, er det mogleg at makrellen kan vera med å forklara noko, men nedgangen i fuglebestandane starta lenge før makrellbestanden er like stor som no, poengterer Huse. Han opplyser òg at økosystemforvaltning er særs kompleks, og noko dei per i dag berre gjer på dynamikken mellom torsk og lodde i Barentshavet. Ein skal både vera sikker på korleis artane påverkar kvarandre, utforma gode modellar og ha semje frå dei andre statane eller partane som har interesse i fiskeria.