okt 052017
 

Det går stadig betre for detaljhandelen i Austevoll. Lojale kundar og feriegjestar er noko av forklaringa. Illutrasjonsfoto.

Den lokale handelsnæringa omset for heile 8 000 meir per austevolling om me samanliknar 2016 med 2013. Det gler næringslivet.

Omsetnadsveksten for den lokale detaljhandelen er gode nyhende for næringsrådets leiar, Hege Lauvik. Ho forklarar at det er vorte eit nærast komplett handletilbod på øyane, og ho rosar samstundes austevollingane for å vera medvitne ved å bruka lokale forhandlarar når dei har høve til å nytta dei.

– Dessutan har me hatt ei stor auke i turismen dei siste åra, og me er både for butikkane og næringsrådet sin del vortne flinkare på å minna kvarandre om kor viktig det er å nytta kvarandre. På den måten bidreg alle til verdiskapinga i Austevoll, seier lauvik

 

Betyr mykje

Vibeke Møgster, som i ei årrekkje har drive detaljhandel frå gåvebutikken Amalie i Bekkjarvik, synest statistikken understrekar kor lojale kundane på øyane er.

– Me ynskjer alle å halda verdiane igjen i kommunen og sikra arbeidsplassane. Me er særs takksame for denne godviljen me opplever frå kundane, seier ho til Marsteinen. Ho trur òg at omsetting og ikkje minst profilering via verdsveven er viktig for dei som driv med sal i Austevoll.

Hos Forglemmegei blomster på Storebøportalen synest innehavar Sigrun Blindheim at auken er rett så positiv. Ho skryt av fastbuande, men òg av turistar og hyttefolk.

– Dei som har hytter her ute er særs lojale. Dei ynskjer at det skal vera aktivitet her ute, og me ser at dei nyttar oss mykje, rosar Blindheim.