okt 092017
 

Ferjene opplever at det er tett i tett med teiner òg nær ferjekaien og ved farleiene deira. Det skapar store utfordringar. Illustrasjonsfoto/arkiv.

 

FosenNamsos slit med ferjedrifta. Årsaka er at både ”Trondheim” og reserven hennar ”Gloppen” har fått gjenstandar i propellen. No sist var det ein dryg sekstimeter med teinetau.

 

MF ”Gloppen” som trafikkerer Hufthamar–Krokeide i B-ferja sine ruter, er sett ut av spel etter at mellom 50 og 70 meter tau frå eit teinebruk vart dregen inn i propellen. Dette øydela i sin tur hylser med meir. Delar må reiarlaget henta frå utlandet.

– Me vurderer om me har heimel til å reisa søksmål, basert på dei skadane fartøyet har fått, seier administrerande direktør Grete Fuglem Tennås i Fosen Namsos Sjø AS.

Til alt overmål var det noko som flaut i havoverflata som sette hovudferja MF ”Trondheim” ut av drift òg, men det var før hummarsesongen var i gang. Reiarlaget oppmodar fiskarar om å halda god avstand til ferjekaiar og leia.

 

Vanskeleg for snøggbåten

Øybåten ”Tjelden” opplever òg at farvatnet dei køyrer i ikkje er særleg reint for augneblinken.

– Me køyrer med lysa på om kvelden, slik at me skal oppdaga eventuelle teiner som ligg i vegen for oss. Me seglar inn i smale sund og viker, som til dømes inn til Lunnøy. Det ser ut som at det er her hummaren står òg, humrar skipper Tore Årland på MS ”Tjelden”. Han fortel at det verkar som om mange hummarfiskarar set teinene sine heilt utan tanke på at dei kan vera til vanske eller fare for nyttetrafikken.

– Det ligg til dømes teiner heilt opptil fenderane på Hufthamar, seier Årland. Han synest òg at det kan vera eit ekstra poeng at dei som elles set ut bruk til dømes etter kreps nær eller i farleia deira, kunne merka dei med lys. På den måten hadde risikoen for skade på fartøy og tap av bruk vorte redusert.

– Me køyrer med hjarta i halsen, men har trass alt to propellar, så me treng normalt ikkje vera urolege for tryggleiken til passasjerane våre, konkluderer Årland.

Av Trond Hagenes