okt 122017
 

Bjørg Njåstad med mora, Borghild Stangeland. No vert det meir merksemd mot sjukdomen demens òg her i Austevoll.

 

– Det kan henda ho har gløymt konserten alt, seier Bjørg Njåstad når ho kjem arm i arm med mora, Borghild Stangeland. Konserten var under lunsjen på pleie- og omsorgssenteret for om lag fem minutt sidan.

 

Demens er tabulagt for mange. Det er synd, då tilstanden er noko som før eller sidan råkar dei fleste av oss – anten direkte eller som pårørande.

– Mamma budde heime til ho var 94, og flytta hit for snart tre år sidan. Såleis er me heldige, mange vert demente når dei er langt yngre, seier Bjørg. Ho er leiar i Austevoll demensforening som vart etablert i mars i år. Denne månaden startar foreininga opp med samtalegrupper for pårørande til menneske som har vanskar med hugsen.

Les resten av saka på papir i dag.