okt 262017
 

Victor Møgster Grindheim (18) fekk prøva seg på næringslivets tinde for ein dag. Pressefoto.

 

Ein god leiar er audmjuk og lyttar til dei tilsette. Det er kanskje dei beste råda Victor Møgster Grindheim fekk med seg heim etter å ha skugga konsernleiaren i Gjensidige ein heil arbeidsdag.

 

Ein ungdom frå kvart fylke vart plukka ut av Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup til prosjektet Leiar for ein dag. Frå Hordaland gjekk plassen til Victor Møgster Grindheim (18), som gjennom den suksessrike elevverksemda UBamboo skilde seg ut sist skuleår. På landsbasis var det over 12 000 personar som dreiv ungdoms- eller studentverksemd førre skuleår, og såleis kvalifiserte seg til Leiar for ein dag.

Victor fylgde konsernleiar i Gjensidige, Helge Leiro Baastad, ein heil arbeidsdag førre veke.

Les resten av saka på PDF.