okt 262017
 

Helge Skugstad blir direktør hos Høgskulen på Vestlandet. Her etter han vart tilsett av kommunestyret i desember 2013, flankert av forgjengaren Rolf Nøstdal. Arkivfoto.

Helge Skugstad sluttar som rådmann i Austevoll kommune, ei stilling han har hatt i snart fire år. Austevollrådmannen vert direktør for økonomi og arealforvaltning ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Ordførar Morten Storebø (H) stadfestar at kommunen no må ut og sjå seg etter ein ny toppleiar i administrasjonen.

– Me har visst om at Skugstad hadde søkt på direktørstillinga, og har avventa avgjerdsla tol høgskulestyret. Rådmannen har to månadars oppseiingstid, så me vert ikkje utan rådmann i morgon, seier Storebø. Han legg til at dei enno ikkje har teke stilling til korleis prosessen med å finna Skugstad sin etterfylgjar vert lagt opp.