okt 272017
 

– Sporingseininga vert installert på innsida av styret, og blir låst fast på, noko som gjer det tilnærma umogleg å fjerna, fortel sykkeltjuvens mareritt, Ølmheim. Tekst og foto: Marie Mundal.

Gründer og dagleg leiar Ole Martin Ølmheim (27) si oppfinning BikeFinder rullar godt om dagen. Nyleg vann selskapet Petter Stordalen sin Jordbær-million til nyskapande idéar.

Ole Martin Ølmheim er dagleg leiar i det stavangerbasterte selskapet BikeFinder, og står bak oppfinninga med same namn. BikeFinder har laga ein pinne som gjer det mogleg å spore sykkelen din via ein liten GPS-brikke som du fester på sykkelstyret. Sendaren har og ei innebygd sirene som går av om sykkelen din blir stolen, og du får nøyaktige posisjonar på kvar han er til mobilen din. Enten du har ein gammal bestemorsykkel, eller syklar Tour de France, kan du fylgja med på kvar sykkelen er lokalisert til ei kvar tid.

Les heile saka i Marsteinen.