okt 272017
 

Om du ikkje har orden på billysa dine i tida framover, kan du venta deg eit førelegg. Tekst og foto: Trond Hagenes.

FULLVERSJON: Lensmannskontoret tek av silkehanskane og skriv ut førelegg dersom bilen din ikkje har lys slik føreskriftene tilseier. Sist veke heldt dei seg til formaningar. Enn så lenge.

Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt seier at lensmannskontoret så langt i haust har nøya seg med å be bilistar med feil på lysa om å få orden på manglane.
– No har det gått såpass lang tid av den mørke årstida at me forventar at trafikantane har lysa sine på stell. Dermed vil me no byrja med å skriva ut førelegg viss me kjem over bilar som ikkje har lys i samsvar med føreskriftene, seier Mjåtvedt til Marsteinen.
Lokalavisa blir kontakta av bilistar som er frustrerte over slurv med billys. Særleg dei som køyrer med mangelfulle hovudlys, gjerne på venstre side av bilen, vert trekt fram som særleg farlege.

Bedne om å skifta
Då Marsteinen var med to betjentar ut for å sjekka tilstanden i den lokale bilparken var det berre ei handfull bilistar som mangla effekt i hovudlyskastarane over ein times kontroll ved Selbjørn bru. Ein av bilistane hadde endåtil kjøpt pære, men sidan det kan vera komplisert å skifta slikt på nyare bilar, var det enno ikkje utført. Etter ei formaning om å få det gjort snarast, fekk bilisten dermed køyra vidare utan førelegg.
– Me vil framleis visa skjønn der det er snakk om moderne bilar med innstillingar som overstyrer lyssettinga i føreskriftene, opplyser Mjåtvedt.
Mjåtvedt seier vidare at det ikkje skal nyttast grøfte- og tåkelys saman med nærlys om kvelden, og at slik bruk er å rekna som ein feil som kan føra med seg eit førelegg på opptil 2 000 kroner.

Refleksbruk
Både betjentane som utførte trafikkontrollen og nestleiaren ved lensmannskontoret oppmodar gåande til å bruka refleks. Politibilen merka seg mellom anna at ein liten refleksbrikke som heng for tett inntil ei jakke slett ikkje er like lett å sjå som ein refleksvest.
I tillegg til fokuset på lysbruk, fekk òg ei handfull bilistar åtvaring for å ikkje ha med seg førarkorta sine. Dei måtte dermed troppa opp på lensmannskontoret i etterkant og visa fram lappen sin.