okt 272017
 

– Det sit fylkespolitikarar som ikkje anar kva dei snakkar om, og tek avgjerder som øydelegg for kommunen vår. No er det pinadø nok, sa Mons Eivind Troland (t.v). Tekst og foto: May Linn Clement.

Fylkeskommunen overkøyrer Austevoll. Det meiner både ordførar Morten Storebø (H) og representantar frå den marine næringa i kommunen.

Kommunen vil klaga på den regionale kystsoneplanen for Sunnhordland og ytre Hardanger. Etter over to år med utarbeiding, vart planen vedteken i fylkestinget 4. oktober.
– Planen vil ha enorme konsekvensar for heile Austevoll. Ikkje berre for utviklinga av dei marine næringane i kommunen, seier ordførar Morten Storebø (H). Han inviterte i dag næringa sjølv til møte om planen på i kommunestyresalen.
Mons Eivind Troland frå Troland lakseoppdrett AS tok til orde fleire gongar under møtet. Han er kritisk til fylkeskommunen si framferd i saka, og meiner dei overkøyrer kommunen.
– Fylkeskommunen tek råderetten frå heile kommunen. Eg trur ikkje den alminnelege mann i Austevoll veit kor alvorleg det er.
Morten Storebø er samd, og seier det er to grunnar til at han vil klaga på den regionale kystsoneplanen.
– Det eine er at planen legg enorme avgrensingar på utviklinga. I tillegg er dette eit kraftig angrep på lokalt sjølvstyre. Fylkeskommunen bruker her plan- og byggingslova slik kommunane skal bruka henne.

Meir om dette i Marsteinen neste veke.