okt 272017
 

Daniella Solbakken, Emilia Hevrøy Storebø, Kristine Bruntveit, Luna Rabben og Bethine Årland fortel om AIK – ein mann på 50. Me kan røpa han helst drikk den oransje Urge-brusen, mykje grunna fargane på flaska. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

I kveld feira barn og ungdom at AIK fyller 50 år omtrent på denne tida. For å få eit betre bilete av korleis åremålsdagen pregar jubilanten, skildra ein gjeng med åtteåringar korleis AIK hadde vore som eit menneske.
– AIK er ein mann, ikkje ei dame, sa Daniella Solbakken, og fekk heile flokken med seg på det.
– Og han har svart og oransje skjegg, men det har byrja å bli litt grått grunna alderen, la Kristine Bruntveit til.

Vil de vita kva AIK går med, om han har kone og barn, kva han likar å eta, kva han ser på fjernsynet, kva musikk han høyrer på og ikkje minst korleis det ser ut i heimen hans, må de lesa Marsteinen neste veke.